Tommy Sørbø: Telemark - skurk eller helt i kunsthistoria?

Kva er det med Telemark og kunsten? Ein gong dyrka av kunstnarane – seinare bruka som skjellsord av modernistane.
I dette foredraget tar forfattar og kunsthistorikar Tommy Sørbø oss med på ei danningsreise, frå nasjonalromantikkens svermeri for den dramatiske naturen og folkelivet i Telemark, via Erik Werenskiold, Halvdan Egedius og Torleiv Stadskleivs nyromantiske stemningsmåleri og fram til kunstnarane i mellomkrigstida, som dyrka Telemark som kjelde for den kunstnariske kreativiteten. Kunstnaren Henrik Sørensen samanlikna for eksempel telemarksstabburet med antikkens greske tempel.
Slik viser Sørbø oss korleis Telemark etter kvart blei ein av skurkane i kunsthistoria, som skulle bidra til å forklare kvifor norsk biletkunst etter kvart sakka akterut i kappløpet om å vera nyskapande.

OBS: Foredraget blir halde på USN Bø, auditorium 1-115.

Inngang kr 200,-, studentar kr. 100,-

Time

Thursday 5. Mar, 19:00 -

Where

Auditorium 5-115
Read more/register