mandag 7. sep, 19:00 -
Bø bok og papir, Bø
Ein av Norges fremste fugleekspertar, Martin Eggen, kjem til Bø
Martin Eggen frå Lofoten er naturvernrådgjevar i BirdLife Norge og har bak seg 11 år i denne organisasjonen. Han har fylgt fugleliv og landskap tett frå han var 13 år og har budd mange stadar i landet. Han har brukt mykje tid på fuglestasjonar og i dei beste fuglelokalitetane i Norge. I miljørørsla har han vore aktiv lenge, og han har vore innom styrande organ både i Naturvernforbundet og Fremtiden i våre hender. Martin Eggen er òg forfattar og har gjeve ut to eigne fagbøker: Uten fugler blir ikke livet det samme (2023) og Våre fugler – i fuglekasser og på fôringsplassen (2025). I tillegg er han medforfattar i to barnebøker: Fugleboka – oppdag fuglene der du bor ((2024) og «Fuglenes hemmeligheter» (2026). Martin Eggen har òg fast fuglespalte i månadsmagasinet Aftenposten Innsikt.
Arrangør: BirdLife Indre Telemark
Inngang kr 200,-
Medlemmer halv pris.
Studenter gratis