fredag 20. mar, 20:00 -
Bø bakgård, Bø
Eit heilt nytt band ser dagens ljos når tre musikarar frå Bø slår seg saman med ein jazzhøvding frå Grenland for å spele musikk som luktar av både jord og asfalt. Bevæpna med ei bestning beståande av berre tromer, bass og saksofonar inviterer dei deg inn i eit univers som nikkar til både Sonny Rollins, Fela Kuti og Per «Texas» Johansson, og som samstundes er godt planta i Telemarksdeltaet.
Bandmedlemmene spelar til vanleg i band som Resjemheia, Maridalen og Scheen Jazzorkester og har spela på jazzklubben fleire gonger tidlegare. Det blir både svingande, groovy, lyrisk og ekspressivt denne jazzklubbkvelden.
Pris: kr.300,-/200,-
Studenter: kr.50,-
Dørene opnar kl.20:00
Konsertstart kl.21:00