Solplomme på Lifjell kunstsenter

Anna Kleiva og Vilde Tuv blandar naturpoesi med elektronika i verket Solplomme.
Solplomme er inspirert av naturen, folka, vesen, klimaet og stemninga i Romedalen i Ørsta, der verket fyrst blei framført. Verket er satt saman av opptak av lydar og forteljingar frå området, gjeve gjennom elektronikk, fløyter og vokal, framført i dialog med dikta. Med mytane og tradisjonane frå midtsumaren som utganspunkt, utforskar dei endringsvilja i naturen og i mennesket. Når sola vender, er alt vidope.

Fredag 23. mai kl. 20.00 kjem Solplomme til Lifjell kunstsenter. Lifjell kunstsenter har sidan 2023 vore eit kunstnardrive hus for visuell kunst, skrivekunst, handverk, scenekunst, dans og video. Kunstsenteret held til i lokala til gamle Lifjell Hotell og har studio og arbeidslokale for kunstnarar, i tillegg til å vere galleri og arrangementslokale.
Kunstnarane på Lifjell er opptekne av å skape eit ope og kontrastfylt kunstmiljø. Her finn du både sylvsmed, klassiske målarar, hardingfelemakar, samtidskunstnarar, fotografar og forfattarar.

Tid

fredag 23. mai, 20:00 -

Hvor

Les mer/meld deg på