onsdag 5. mar, 18:30 -
Bø kino | Gullbring, Bø
Som ei helsing til 8.mars viser me eit etterlengta feministisk portrett som har tatt verda med storm!
ALL WE IMAGINE AS LIGHT tek oss inn i hjartet av Mumbai – ein by fylt av kontrastar. Der følgjer me to kvinnelege sjukepleiarar på leit etter kjærleik og nærvær. Filmen utforskar spenninga mellom plikt og fridom og mellom familieband og personlege valg, i ei forteljing som balanserer vakker visuell kunst med djup menneskeleg sårbarheit. Regissøren Payal Kapadia er sjølv frå denne travle, indiske storbyen.
Sjukepleiar Prabha er ei hardtarbeidande kvinne, som vil vera trufast mot ektemannen som bur i Europa, og som får ei uventa pakke fra han. Den yngre romkameraten, Anu, prøver å finne ein stad der ho kan vera intim med kjæresten. Dei to kvinnene er på heilt ulike stader i kjærleikens verd, men på ein tur til ein strandby finn dei ein stad der ynskja deira kan bli verkelege.
Filmen trollbind oss med ei poetisk tolking av kvinner i dagens Mumbai, praktfullt illustrert av ein nydeleg fargepalett. Dette er universell, øm og emosjonell film om «lyset som skin inne i oss».
ALL WE IMAGINE AS LIGHT vann hovudprisen SØLVSPEILET under Film Fra Sør, Grand Prix-prisen i Cannes og ei rekkje andre prisar.
Juryen for Sølvspeilet seier bl.a.:
«Som et filmatisk kjærlighetsbrev til Mumbai, skildrer filmen, gjennom de tre hovedkarakterer, et ødelagt system, uten eksplisitt å peke på hva som ikke fungerer, men ved å vise hvor vakkert livet kan være til tross for utfordringene. Forholdet mellom karakterene er svært godt skrevet, og deres prestasjoner er rett og slett enestående og minneverdige.
Juryen er bergtatt av regissør Payal Kapadias poetiske historiefortelling, og særlig imponert over hennes formmessige valg, ikke minst den briljante bruken av musikk. Bruken av lys, både som metafor og som estetisk og formmessig virkemiddel, løfter filmen til noe helt unikt, og setter medfølelse og kvinnesolidaritet i sentrum. Denne gripende filmen er som en lysstråle av håp. Den gjør verden til et mye bedre sted.»
Kveldens salonggjest er Ela Fahmida Hanif. Ela kom frå Bangladesh til Midt-Telemark som fribyforfatter i 2020. Ho er forfattar, feminist og menneskerettsaktivist, med spesiell interesse for likestilling, ytringsfridom, menneskerettar, mangfald og inkludering.
Lett servering er inkludert i billetten.
Alle er velkomne!