tirsdag 25. feb, 18:30 -
Bø kino, Bø
Årets mest gripande dokumentar!
Salonggjest: Mona Nicolaysen
Ein palestinsk aktivist allierer seg med ein israelsk gravejournalist. Saman kjempar dei mot Israels busettarpolitikk som dagleg fordriv palestinarar på Vestbreidda og gjer dei heimlause.
Heilt frå barndomen har Basel Adra, ein ung palestinsk aktivist, kjempa mot tvangsutkasting av innbyggarane i byen Masafer Yatta på Vestbreidda. Gradvis øydelegg dei israelske okkupasjonsstyrkane heimar, tvingar innbyggarane til å forlate området, og gir det til israelske busettarar, som har tette band til det israelske militæret. Basel allierer seg med journalisten Yuval, og saman dokumenterer dei overgrepa som stiller palestinerane overfor eit umogleg dilemma; dei kan bli og leva under uverdige forhold, eller gi opp og forlate heimane sine.
Over fleire år har eit israelsk-palestinsk filmkollektiv – med to palestinske og to israelske filmskaparar – dokumentert uretten palestinarar på Vestbreidda blir utsett for dagleg, heilt fram til den dramatiske utviklinga hausten 2023.Gjennom Basels historie fortel NO OTHER LAND på ein kraftfull måte om palestinsk aktivisme, og korleis aktivisme går i arv frå generasjon til generasjon.
Filmen har treft godt hjå publikum og kritikarar, og sveipar med seg prisar på festivalar over heile verda. Den er m.a. nominert til Oscar for beste dokumentar.
I salongen etter filmen får me besøk av Mona Nicolaysen, som er Ph.D.stipendiat ved USN, Notodden, og har fleire opphald både i Gaza og på Vestbreidda bak seg.
Medarrangør er Palestinakomiteen i Telemark.