Problemet med å få sendt ut verifiseringsepost er løst. De som har opprettet bruker får nå en epost, hvor de må verifisere brukeren sin og lage passord. Hvis du ikke mottar epost, kontakt [email protected].

Bø filmsalong // IO CAPITANO med gjest Kristina Quintano

IO CAPITANO – Oscarnominert odyssé frå vår tid.
Io Capitano fortel den episke historia om to fetterar som forlet Dakar og legg i veg mot Europa. I denne odysséen frå vår tid må dei to unge mennene overvinne ei rekkje hindringar mens dei kjempar for å overleve fyrst i ørkenen og så til havs. Filmen gir eit nærbilde av dagsaktuell problematikk, sett gjennom augo til menneske som opplever krisa på nært hald.
Regissør Matteo Garrone er ein av Italias fremste filmskaparar, og står blant anna bak dei kritikarroste gangsterfilmane Gomorra (2008) og Dogman (2018). I denne nyaste filmen hans, IO CAPITANO, brukar han magisk realisme, storslåtte landskap og voldsomme skildringar, ikkje for å sjokkere, men for å gi et innblikk i kva det kan innebære å søke etter det som framstår som eit betre liv.

Filmen er nominert til Oscar for beste internasjonale film. Matteo Garrone fekk prisen for Beste Regi, og Seydou Sarr vann «Marcello Mastroianni Award for Best New Young Actor or Actress» ved Filmfestivalen i Venezia. Filmen har også vunne Publikumsprisen ved Filmfestivalen i San Sebastian.
Gjest i Filmsalongen er Kristina Quintano, som også gjesta oss ved visninga av filmen Luzzu i 2021.
Kristina er forfattar og journalist, og har nettopp kome heim fra Tunisia , der ho har snakka med unge menneske som både har flykta gjennom ørkenen og som har blitt sett til å styre store fisketrålarar uten kunnskap. Det kan ikkje bli meir aktuelt!
Quintano har gitt ut to bøker om temaet i år, desse vil det vera mogleg å kjøpe.
Billetten inkluderer lett servering i salongen, etter filmvisninga.
Medarrangør er Midt-Telemark SV.
Alle er velkomne!

Tid

tirsdag 1. okt, 18:30 -

Hvor

Les mer/meld deg på