Konsert | Frøkedal og Familien

Frøkedal og Familien har gjort seg bemerka med sin milde, tidvis eksentriske, folkpop, og kommer nå med sitt 3. album: Flora. Nå kommer bandet til Studenthuset i Vestfold! Låtane på Flora strekk seg frå gyngade hippie-folk til indiepop og felerock. Musikken skildrar spennet mellom einsemd og framandgjering i ein kald verd – og draumen om tilknyting som alle har i seg.Frøkedal & Familien har gjort ei rekkje turnéar og festivalkonsertar i inn- og utland. Prosjektet har fått varm omtale i The New Yorker og The Sunday Times, Spellemann-nominasjon og har spelt live på BBC Radio6. Frøkedal & Familien har også fått snuse på arenaformatet, som oppvarming for A-ha og Madrugada i Oslo Spektrum. Dei trivst likevel aller best på mindre scener, der dei kan stå tett og sjå publikum i kvitauget.

Tid

onsdag 15. sep, 19:00 -

Hvor

Studenthuset/Idrettsbygget
Vestfold

Personer

115 stk
Les mer/meld deg på