Fellestur til Dansarstein med Vinje turlag

Dansarstein er eit flatt lite fjellplatå innunder Heidalsnutan i Øyfjell. Turen er på 2,5 kilometer totalt og er relativt lett. Høgdeforskjellen er på ca. 150 meter. Frå Dansarstein er det flott utsikt over Longvikvatn, Damtjønnuten og Raulandsfjell.

Dansarstein er, som namnet tilseier, ein ypperleg plass for dans og spel.
Studentane må gjerne ta med seg instrument og spele opp til dans!

Praktisk informasjon:
 Oppmøte ved hovudinngangen på USN kl.16.30.
 Det kan vere vått i terrenget og vind på toppen, så kle deg i skikkelege turklede.
 Vinje turlag organiserer skyss til og frå utgangspunktet for turen, men om me blir mange deltakarar vil me trenge fleire bilar. Når du melder deg på, ber vi deg difor om å seie frå dersom du har bil og kan køyre. Det er bomavgift på 50 kr.
 Turleiar er Thor Christiansen.
 Påmelding og spørsmål til Kyrre Hegg på 90962958.
 Påmeldingsfrist er tysdag 1. september.

Turen blir avlyst ved dårlig vêr eller få påmeldte deltakarar.

Tid

torsdag 3. sep, 16:30 -

Hvor

Rauland