Fellestur til Dansarstein med Vinje turlag

Bli med Vinje turlag til Dansarstein!
Den 12. september for studentane ved USN Rauland
Dansarstein er eit flatt lite fjellplatå innunder Heidalsnutan i Øyfjell. Turen er på 2,5 kilometer totalt og er relativt lett. Høgdeforskjellen er på ca. 150 meter. Frå Dansarstein er det flott utsikt over Longvikvatn, Damtjønnuten og Raulandsfjell.
Dansarstein er, som namnet tilseier, ein ypperleg plass for dans og spel. Studentane må difor gjerne ta med seg instrument og spele opp til dans!
Oppmøte ved hovudinngangen på USN kl.16.30.
Det kan vere vått i terrenget og vind på toppen, så kle deg i skikkelege turklede.
Turlaget organiserer skyss til og frå utgangspunktet for turen men om me blir mange deltakarar vil me trenge fleire bilar. Når du melder deg på, ber me deg difor om å seie ifrå dersom du har bil og har høve til å køyre.
Påmelding og spørsmål til Kyrre Hegg på 90962958.
Turleiar er Thor Christiansen.
Påmeldingsfrist er søndag 10. september.
Turen blir avlyst ved dårleg vêr eller få påmeldte deltakarar.
Vinje turlag er ein del av Den norske turistforening (DNT) og har sertifiserte turleiarar.

Tid

tirsdag 12. sep, 16:30 -

Hvor

Rauland