torsdag 24. sep, 09:30 - 13:30
Porsgrunn
Vi inviterer skular til Ingeniørdagen for 25. året på rad. Kanskje blir det noko ekstra spennande denne gongen?
Arrangementet er gratis og ein del av Forskingsdagane 2026 ved USN

Ingeniørdagen er eit samarbeid mellom Ingeniørutdanningen ved Universitetet i Søraust-Noreg, campus Porsgrunn, lokale avdelingar av Tekna og NITO og Institutt for sykepleie- og helsevitskap.
I år feirar vi 25-årsjubileum og at over 6000 elevar gjennom åra har opplevd, lært og gjort mykje spennande på denne dagen i løpet av åra.
"Tillit" tema for forskingsdagane og hovudfokus på ingeniørdagen er derfor: Kan vi stole på teknologane?
250 – 300 elevar frå 10. klasse og 1. år vidaregåande er med på arrangementet. Studentar og tilsette og representantar frå bedrifter er bidragsytarar.
Aktuelle tema er:
Kan vi stole på algoritmar?
Her vil professor Ola Marius Lysaker frå USN, belyse korleis KI utfordrar tilliten i høgare utdanning, men også i samfunnet generelt.