torsdag 17. sep, 18:00 - 20:30
Notodden
Tillit, beredskap og verdsarv på Rjukan-Notodden dannar bakteppe for dette seminaret.
Dette er eit Kunst i spire-arrangement.
Det er gratis og ein del av Forskingsdagene 2026 ved USN

Seminaret markerer starten på Forskingsdagane, der tema i år er tillit. Arrangørane er oppmoda om å sjå nærare på tillitt ut frå ulike synsvinklar. Vi ønskjer å sjå på tillitt som no er sette på prøve i mange samanhengar, som tillitt til institusjonar, styresmakter og politikarar.
Verda er uroleg og styresmaktene vil vi skal vere førebudde på krise og krig. I dette scenariet må vi halde fast i noko som bind oss saman. Forsvarsjefen har slik sett sagt at kultur er ein del av totalberedskapen vår.
Tillit, beredskap knytt opp mot kulturvern og verdsarv på Rjukan/Notodden er tema for arrangementet. Alle med interesse og engasjement i kunst og kultur er hjarteleg velkomne, både frivillige, forvaltarar og forskarar.
ProgramDirektør på Norsk Industriarbeidermuseum Anna Hereid ønskjer velkommen og introduserer møteleiar Maja Foss Five, kultursjef i Telemark fylke.
InnleiararFørsteamanuensis og leiar av forskingsgruppa Kulturarv i bruk, ved Universitetet i Søraust-Noreg, Steffen Johannessen leier panelsamtale mellom deltakarane.