torsdag 25. sep, 09:00 - 11:30
Hønefoss
Fagdag med fokus på spørsmål knytt til arbeidsrelatert helse; om å skape seg ein betre arbeidsdag og om å forme ei fritid som bidreg til både god generell helse og arbeidshelse.
Arrangementet er gratis og ein del avForskingsdagane 2025 ved USN
Vi ønskjer tilsette og leiarar i alle typar organisasjonar og bedrifter velkommen til ein fagdag med potensielt stort utbytte. Forskarar ved USN Handelshøgskolen presenterer resultat frå forskingsprosjektet MOTIVATION, Motivational Processes in Occupational Health, (Motivasjonsprosessar i arbeidshelse).
Arrangementet består av to hovuddelar knytte til helse i arbeidslivet: jobbforming og fritidsforming.
Forskarar vil fortelje om forskingsfeltet og presentere nye forskingsresultat. Deltakarar vil bli involverte gjenom samtalar, diskusjon og øvingar. På denne måten kan deltakarane få konkrete strategiar dei sjølv kan bruke for å forme ut eige arbeid og fritid.
Foreløpig program09.00 – 11.30
Dei som ønskjer lunsj i etterkant er hjarteleg velkomne til det.
Påmeldingsfrist 23. september kl, 12.00. Meld deg på her.
Seminaret blir arrangert av Forskingsgruppen for Work Motivation and Optimal Functioning (WMOF) ved USN Handelshøgskolen. Gruppa forskar på mellom anna arbeidsmotivasjon, arbeidsrelatert helse og optimal jobbfungering.