Kræsj-kurs i folkedans

Tysdag 3. november, kl. 12-12.30 inviterer Bø juniorspelemannslag studentar og tilsette ved USN til «kræsj-kurs» i folkedans. Det kjem til å gå føre seg i foajeen på USN. Du er velkomen om du kan litt dans, ingenting eller berre er nysgjerrig. Kurset er gratis 😊

Spelemannslaget stiller med prima spel og instruktørar. På hardingfele har dei med seg Torgeir Straand og til å rettleie og danse med har dei Frederick Brevig Deverill og Ingebjørg Bø.

Tid

tirsdag 3. nov, 12:00 - 12:30

Hvor

Campus Bø
Bø