Bø jazzklubb | Phønix

Den eksplosive rock-jazz trioen til Emil Storløkken Åse, Phønix, er eit forrykande, musikalsk vesen med tre hovud som tek deg med på ein sonisk ekskursjon. Med gituar, saksofon, trommer og litt maskinmagi flettar bandet saman jazz, psykedelika, kraut, prog, avantgarde og pop i eit friskt og massivt lydbilete. Phønix har sidan 2021 etablert seg som ei spanande kraft på den norske jazzscena og har imponert publikum og kritikarar med sine groovy riff, kraftfulle samspel og glede. i 2025 ga trioen ut konseptalbumet «Intergalloptic Roundtrip» og fekk sitt internasjonale gjennombrot. Kom og opplev Phønix på konsert i Bø før dei tek steget ut i kosmos.

Pris: kr.: kr.300,-/200,-
Studenter kr.50,-

Dørene opnar kl.20:00
Konsertstart kl. 21:00

Tid

fredag 6. mar, 20:00 -

Hvor

Bø bakgård
Les mer/meld deg på