Forskingsfestivaldagar i Bø

Vi forskar på mye interessant på USN. Bli med når vi fortel om forskinga vår på Litteraturhuset i Bø.

 

Arrangementet er gratis og ein del avForskingsdagane 2025 ved USN

Forskingsdagene logo

 

For første gong inviterer forskarar på USN til ein forskingsfestival over tre dagar under dei nasjonale forskingsdagane. På Litteraturhuset i Bø fortel forskarar frå ulike fagmiljø om forskinga si på ei lettfatteleg måte. Etter foredraga svarer dei på spørsmål frå publikum. 

Alle dagar startar arrangementa kl. 18.00. Kvart foredrag er på 20 minutt og har etter det 10 minutt til spørsmål. Etter ein liten kaffipause kjem det andre foredraget, det og på 20 minutt og med 10 minutt til spørsmål. 

Program

Tirsdag 23. september

  • Fotballen si rolle i Midtausten: Hans Hognestad, professor ved Institutt for friluftsliv, idrett og kroppsøving
  • Innovasjon og berekraft: Anette Myhre Momrak, doktorgradsstipendiat ved USN Handelshøyskolen

Onsdag 24. september

  • Jord og tryggleik: Live Semb Vestgarden, førsteamanuensis ved institutt for natur, helse og miljø.
  • Kultur for barn – ein lek blant vaksne? Barn sitt syn på kulturtilbod for barn: Torild Wagle Christensen, førstelektor ved Institutt for kultur, religion og samfunnsfag.

Torsdag 25. september

  • Driv kjøttbransjen grønvasking? Om dyrevelferd og språkbruk: Øystein Heggelund, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur
  • Om dyr i Roald Dahl sitt forfattarskap:  Peter Fjågesund, professor Institutt for språk og litteratur 

Hjarteleg velkomne til den første forskingsfestivalen i Bø!

 

 

Tid

tirsdag 23. sep, 18:00 -
torsdag 25. sep, 19:30

Hvor

Les mer/meld deg på