tirsdag 3. sep, 18:30 -
Bø kino | Gullbring, Bø
Ei kjærleikserklæring til Gaza og Tromsø, og ein hyllest til krafta i historieforteljinga!
Filmskapar Mohamed Jabaly er statslaus, fordriven og stranda i Tromsø. Men han nektar å la det definere han. Han seier:
“Jeg tror på kraften i historiefortelling. Derfor vil jeg insistere på at vi som palestinere får fortelle våre egne historier, om våre egne liv. Jeg har kalt filmen min LIVET ER VAKKERT, fordi det alltid har vært mitt motto, til tross for alt jeg har opplevd. Akkurat nå er det vanskelig å holde i det, men jeg håper at livet en dag skal være vakkert igjen.” -
OM FILMEN:
LIVET ER VAKKERT fortel historia om korleis regissør Mohamed Jabaly kjempa for rettane sine som palestinar og filmskapar, då han stranda i Norge av grunnar som låg utanfor hans kontroll. Gjennom videosamtalar med vener og familie og eit personlige arkiv frå Gaza, deler han sin kjærleik og lengt etter heimbyen, medan han prøver å skape seg eit nytt liv i det kalde nord.
Filmen hadde verdspremiere på IDFA i Amsterdam, verdas største og viktigaste dokumentarfilmfestival. Der vann han prisen for beste regi. Seinare har han motteke prisar på fleire A-festivalar, som beste film på One World International Human Rights Film Festival i Praha, publikumsprisen på Docville i Belgia, og Gilda Vieira de Mello prisen i kreativ dokumentar på FIFDH i Genève.
OM REGISSØREN:
Jabaly er ein palestinsk filmskapar, produsent og artist frå Gaza. Han kom til Norge i 2014, og har sidan skapt seg eit namn innanfor den internasjonale filmindustrien. Han har fotografert fleire kortfilmar, dokumentarar og musikkvideoar, og den første filmen hans, Ambulance, er vist på ei rekkje av verdas største filmfestivalar og har vunne ei rekkje høgthengande prisar. Mohamed har ein bachelorgrad i bevegelege bilde fra Nordland kunst- og filmhøgskole.
Gjest i filmsalongen er Sarah Winge-Sørensen, som er produsent for filmen.
Velkomne til ein svært aktuell sesongstart!