søndag 25. aug, 09:00 -
Bø
Lifjell på tvers er ein krevjande villmarkstur i vestre hjørnet av Lifjell. Turen startar ved Reinstaul og følgjer Borkebudalen eit stykke, før me stig opp mot høgfjellet og følgjer kanten av Lifjell ut mot Seljordsvatnet. Her er små vatn og eit fint og småkupert terreng.
Ved topp 1202 og Breiøksskaret, svingar me sørover mot Skålbu og Veslestaul og følgjer grusvegen ned til bilane. Det blir ein del høgdemeter opp og ned, men me vil få oppleva ein nokså ukjent og urørt flik av Lifjell som få har vandra i før.
Praktisk informasjon:
Samkøyring i privatbilar frå Bø Torg kl. 09.00. Eller fra Granvin kulturhus kl 09.30. Ein bil settast att ved Veslestaul, dei andre køyrer til Reinstaul. Vel framme ved Veslestaul køyrer sjåførane og hentar bilane. Atterhald om uver!
Arrangør: Bø turlag og Seljord turlag.
Turleiarar: Hans Inge Hagen (Seljord turlag), tlf. 95065738 og Tor Lønnestad (Bø turlag), tlf. 91511154.