torsdag 11. apr, 19:00 -
Bø museum, Bø
Skodespelar Hæge Manheim og musikar Oddbjørn Aase, begge frå Seljord, har sett saman ein kabaret basert på diktinga til Halvor J. Sandsdalen (1911-1998). Som sambygdingar av Sandsdalen ønsker dei to å løfte fram forfattarskapen hans, nå 25 år etter at han døydde. Han skreiv både prosa og lyrikk, og fleire av dikta hans blei tonesette, av blant andre Sigmund Groven. I kabareten blir det underfundig humor og vemod, men også satire og beiske spark til øvrigheita - H. J. S. ser livet frå småkårfolk si side. Alt blir presentert av to kunstnarar som kjenner Sandsdalen sitt miljø godt.