Bø filmsalong // Tapt barndom m/gjest Kari Honerød

Dalva på 12 år bur åleine saman med far sin. Ein kveld stormar politiet inn heime hjå dei og tek Dalva med til ein ungdomsheim. Ho får etter kvart nye vener i den temperamentsfulle romkameraten Samia og sosialarbeidaren Jayden, og gradvis forstår ho at kjærleiken og omsorga ho delte med faren ikkje var det ho trudde. Med hjelp frå Samia og Jayden lærer Dalva å bli barn igjen.
TAPT BARNDOM tegnar eit psykologisk portrett av eit skada barn, og tematiserer det vanskelege temaet rundt incest. Måten Dalva reagerer mot vaksne og andre barn, gjer at me forstår mykje om forholdet mellom Dalva og overgriparen hennar utan at dette er vist direkte.
Den belgisk-franske filmen frå 2022 er regissør Emmanuelle Nicots debut. Med seksuelle overgrep som tema har filmen både skapt debatt og gitt den unge hovedrolleinnehaveren Zelda Samson (12) ein vel fortent talentpris i Cannes.
Dei som ynskjer det er velkomne til salong i Framstugo etter filmen. Kveldens salonggjest er Kari Honerød, som har jobba mange år i den kommunale og den statlege barneverntenesta. Ho har tidlegare vore barnevernleiar i Bø, har vore avdelingsleiar i Bufetat og er no barnevernleiar i Skien.
Kaffe/te og frukt i salongen er inkludert i billetten.
Aldersgrense for filmen er 12 år.

Tid

tirsdag 2. apr, 18:30 -

Hvor

Les mer/meld deg på