tirsdag 9. jan, 18:30 -
Bø
Godt nytt filmsalongår!
Me startar med ein sterk og vakker dokumentarfilm om kvinner i estisk røykbadstovekultur - og ei heilt spesiell audiovisuell oppleving.
Inne i ei oppvarma badstove midt i skogen møtest ei gruppe kvinner og deler sine erfaringar og mest personlege historier. Forteljingar om overgrep og seksuell opphissing, begjær og skam blandar seg med latter og varme augeblikk som knyter band mellom kvinnene. Eit sanseleg kamera rammar inn dei nakne kroppane i vakre nærbilete, og bidreg til ei sterk, nær og allmen oppleving.
Regissør Anna Hints tek oss inn i eit tett og i dobbel forstand varmt kvinnefellesskap, i ein vakker og usentimental film om femininitet, solidaritet og den svært eigenarta saunakulturen som går på tvers av både alder og kroppsformer, og som også står på Unescos verdsarvliste.
Noko av det vakraste med SMOKE SAUNA SISTERHOOD er den langsame og nære stemninga. Stemninga blir skapt av kvinnene sjølve, ved at de ikkje berre fortel — dei lyttar også.
I Aftenposten skriv Erlend Loe at «..det er ingen tvil om at dette er en på samme tid myk, hard og ganske fantastisk original film."
Filmen vann Regiprisen, World Cinema - Dokumentar i Sundance 2023
Gjest i filmsalongen er generalsekretæren i Oslo Badstuforening, Ragna Marie Fjeld, som heilt sikkert vil fortelja om den store og veksande interessa for livet i og rundt badstovene.
Lett servering i Framstugo etter filmvisninga, er som vanleg inkludert i billetten.