onsdag 6. des, 18:00 - 21:00
Bø
FESTIVALFOKUS: MANGFALD PÅ BØGDA?
Kva meiner me når me snakkar om mangfald i kulturlivet?
Og tyder dette noko anna i distrikta enn i dei større byane?
Er mangfald noko som kan og bør målast?
Og skal slike mål vere dei same i bygd og by?
Det er nokre av spørsmåla som Telemarkfestivalen, Telemarksforsking og Universitetet i Sørøst-Norge ønskjer å drøfte i eit arrangement som finn stad på Kroa i Bø onsdag 6. desember frå kl 18:00 til kl 21:00!
Arrangementet vil innehalde innleiingar, presentasjonar og gruppesamtaler, der både innleiarar og publikum vil drøfte aktuelle problemstillinger knytt til tema.
Kvelden avsluttast med premierekonsert for ein überspennande ny trio - Sidiki Camara, Ibou Cissokho og Mattis Kleppen!
Arrangementet vil vere gratis og opent for alle!
Meir informasjon:
https://www.telemarkfestivalen.no/.../festivafokus.../
Velkomen! 😄💚😄
Universitetet i Sørøst-Norge, studiested Bø | Bachelorstudiet i kulturledelse | Telemarksforsking | Vestfold og Telemark fylkeskommune | Balansekunst | Kulturdirektoratet | Mattis Kleppen